ANNONSE

Dikt

Høna og Egget

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen
Publisert: 01.03.2014

Han Bartel sat og klødde seg i skjegget.

Kven var det som kom først av høna eller egget?

Var det egget eller var det høna?

Her var noko som han ikkje skjøna.

Nå sat han der og gomla på ei skrå,

ikkje alt er enkelt å forstå.

Der han sat så tenkte han med seg,

det er jo alltid høna som legg egg,

så derfor har vel høna kome først,

og så er jo også høna alltid størst.

Men likevel så tenkte han som så,

eg veit jo godt kvar høner kjem ifrå.

Alle kjem som kylling or eit egg,

frå slike egg som alle høner legg.

Det er`kje alle egg som blir til høner

så her er mange ting han ikke skjøner

Or nokre egg så kjem det ut ein hane,

og dermed er eit nytt mysterium på bane.

For hanane kjem også or eit egg,

frå slikt egg som alle høner legg.

Men kva har vel ein hane her å ”gjøre”?

Oppi dette skaper den jo bare røre.

Men nå så viser det seg ganske riktig

at oppi dette spel er hanen ganske viktig.

Det er eit faktum at du ingen kylling får

om hanen mangler i en hønsegård.

Så derfor kom nok hanen tung og stor

før både egg og høne til vår jord.

Men hanen kom då også frå eit egg,

og haner kan jo ikkje legge egg.

Så nå tok Bartel til å klø seg i sitt skjegg.

Nei dette er og blir ei gåte,

som ikkje lar seg løyse på ein enkel måte.

Nå er det ikkje berre høna eller egget,

det stillast nå eit spørsmål ved dei begge.

For etter det som nå er brakt på bane,

så kan det like godt ha vært ein hane.


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no