ANNONSE

Dikt

Trygdå mi

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen
Publisert: 15.03.2014

Det er ikkje vondt å bli gamal og grå

så lenge det berre er pengar å få.

Nå dalar dei ned i postkassa mi

kvar einaste måned til same tid.

Så nå har eg pengar kvar einaste dag,

utan at eg treng å gjera det slag.

Nå treng eg`kje lenger gå svolten og blakk

å traska omkring i min loslitne frakk.

Nei nå får eg pengar, nå lever eg god,

nå bruker eg trygda som eg har fått.

Og om eg vil reisa ein liten tur

så har eg vel alltid litt pengar på lur.

Dei kaller meg gjerne for pensjonist,

og det er vel riktig til sjuan og sist.

Og trygdå vert kalla pensjon i dag,

det er same for meg, det gjer same sak..

For om det vert kalla det eine eller hitt,

så bruker eg alt, for det er jo mitt.

Og vil eg gå ut å få billig mat

så går eg på Fredheim til fulle fat.

For der er det billig middag å hala,

så slepp eg gå heime å koka og bala.

For femti kroner er heile beløpet,

og då får eg kaffe og kake på kjøpet.

Det er ganske mange som leve på trygd,

du finne dei rundt om i heile vår bygd,

men det er ikkje alle som bruka ho opp,

men som gjøyme ho vekk både i krus og i kopp.

Så nå vil eg seie til mann og til kone:

Unn deg noko godt!

Det kjem ei ny trygd kvar einaste måned.


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no