ANNONSE

Dikt

Per si løe

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen

Publisert: 15.02.2014

Han Per hadde lenge gått i tankar

og sett på kos gamle løa hans skranta.

Fjoset var lite og stallen var skral,

å fora dyra her var litt av eit bal.

Det var lågt under taket og fjoset var rått,

så dyrå hans hadde det ikkje så godt.

Nå kunne han tenkt seg ei nye løa,

Med skikkelig plass til dyr og til føda,

og slik at både kalvar og kyr

fekk det slik som det passa seg dyr.

Slik at det vart lettvint med allslags stell,

og at alle trivdes frå morgon til kveld.

Han gjekk og tenkte både vel å lenge,

det ville nok kosta ei drøss med penger.

For å byggje ei løe var dyrt i dag

ho skulle jo ha både vegger og tak.

Men tanken på løe slapp ikkje take

så nå var det ingen veg tilbake.

Nå fekk det koste kva det koste vil,

for nå fekk det like godt berre stå til.

Men korleis skulle han skaffe penger?

Han fekk nok`kje låne alt som han trenger.

Men plutselig fekk han ein lys ide,

og denne ideen den gav han`kje fred.

Den gamle løa var godt assurert,

så kanskje ho likevel var noko verdt.

Hvis han sette fyr på den gamle nå,

så var det vel forsikringspenger å få?

Og det kunne redde ein del av prosessen,

så kunne han sikkert få låne resten.

Nå meinte han at finansen var klar,

så snart stod nok nyløa her på hans gard.

Han tok ein tur til forsikringskontoret,

la alle forsikringspapira på bordet,

og ville ha utbetalt forsikringsbeløpet

som han trengte så sårt til løekjøpet.

Men mannen som sat bak forsikringsbordet

var skeptisk, og augo hans vart både runde og store.

Men det har då ikkje brunne hjå deg,

for løa di ser me på langan veg.

Nei svara Per, men det er rett før ho fell,

hvis været held seg så brenn ho i kveld.


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no