ANNONSE

Dikt

Oppskåka

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen

Publisert: 01.02.2014

Ein vakker haustkveld når månen skein,

og småfugler sov under granegrein,

sat i ein kjeller tre fire gubber,

og supa øl og fortalde på stubber.

Og borti kråa inn under ein sekk,

stod ei tønne med øl og putra og gjekk.

Det var ikkje utgått, og dunsta av gjær,

og oppå flaut både fluer og fjær.

Men gubbane hadde`kje tid til å venta,

så dei hadde slangen frå veggen henta.

Nå ville dei teste kor sterkt det var,

og hadde det kjekt i sin kjellarbar.

Og gubbane tappa opp krus etter krus,

det var ikkje akkurat klart som brus.

Men ligna vel heller mest på saup,

var grumset og grått oppi deira staup.

Det var nok sterkt om det ikkje var klart,

så at dei vart løgne det var ikkje rart.

Dei tømte i seg den tvilsomme drikk,

og svelga han ned til ein morsam replikk.

Men timane gjekk i eit slikt eit lag,

og nå gjekk det fort mot den neste dag.

Den eine prøvde å reise seg opp,

men føtene bar`kje den tunge kropp.

Han gjekk i golvet med dunder og brak,

nå var han full – og nå var han spak.

Han prøvde forjæves å koma seg opp,

men armer og bein dei sa nå stopp.

Og saupet det sette nå fart på magen,

så snart måtte alle ein tur ut i hagen.

Dei rava seg inn under kvar sitt tre,

og nå kom det opp det dei hadde svelt ned.

Moralen er den – før du drikk av ditt staup,

sjå alltid om det er øl eller saup.

Når øl er som saup – er det farleg for magen,

og sender deg gjerne ein tur ut i hagen.


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no