ANNONSE

Dikt

Hypokonderne/Pessimisten/­Optimisten

Hypokonderne

Dei er ikkje sjuke alle som stønar

og klager den samfulle dag.

Som skrik og jamrar og ber sine bøner

sjølv om dei`kje feilar det slag.

Men går rundt og plagar seg sjølv og andre

om alt som er ute av lag.

Dei trur at dei feiler det aller meste

og kjenner på vondt alle star.

Hypokondere kallast dei aller fleste,

diagnosen den er ganske klar.

Pessimisten

Pessimisten han trur ikkje alt det han høyrer,

og mest ikkje det som han ser.

Han rister på håve til alt og til alle,

er skeptisk til alt det som skjer.

Han meiner bestemt det er feil med det meste,

og galt alt som andre folk gjer.

Hans livsoppfatning er ikkje den beste,

og aldri du ser at han ler.

Han går gjerne rundt og er sur og trist,

og har ofte ein uven som er optimist.

Optimisten

Optimisten er glad - og er med på det meste

og meiner at dagen er god som den er.

Han vender og snur på alt til det beste,

ser lyst på livet og humrar og ler.

Det ordnar seg nok – seier optimisten

og tykkjer at allting går bra.

Han trur på det gode som bur i oss alle

og sjølv er han munter og glad.

Aldri du ser han er sur eller trist,

men er alltid ein glad optimist.

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no