ANNONSE

Dikt

Han gamle Lars

Han gamle Lars var ein rolig mann, 
og aldri det kom noko vondt frå han.

Men kjerringa hans var eit ekte troll

som skjende og skreik både i dur og i moll.

Stakkars Lars fekk`kje levande fred,

når han trengte kvile og sette seg ned.

Når augo hennar stod mørke i skallen, 
då gjekk det alltid ut over kallen.

Ho grylte og skjende frå morgon til kveld,

og skreik så det svara frå dei høge fjell.

Det hende iblant at ho også slo,

og ein gong så hende det at det rann blod.

Men nå var han Lars blitt gamal og grå, 
og var blitt vant med å høyre på.

Når ho grylte som verst han snudde seg bort.

til dess det verste var unnagjort.

Slik helt han det gåande dag etter dag,

og bokstavelig talt gjekk det slag i slag.

Og titt han tenkte, du store mi tid, 
tenk å hatt ei kjerring så god og så blid.

Ei som ropte han inn på kaffi og kake,

det kunne vel vore ein skikkelig make.

Nå var han for gamal, så nå fekk det bli,

han måtte nok strida med kjerringa si.

Men kjerringa og drog etter på åra, 
ein dag vart ho sjuk og vart lagt på ei båra.

Til sjukhuset bar det med blålysa på,

han Lars han var spent på kos dette sko gå.

Men etter ei stund ebba livet ut,

og nå stod han Lars åleine til slutt.

Gravferda kom med haustaleg vær, 
det tordna – og regnet det auste ned.

Og presten han kasta jord oppå båra,

før denne til botn i grava vart låra.

Han Lars stod i andakt og såg ned på kista,

tok eit siste farvel med henne han mista.

Og gravferdsfolket gjekk kvar til sitt, 
mens Lars og presten vart ståande litt.

Plutseleg kom det eit frykteleg brak,

Med lyn og torden av verste slag.

Då såg han Lars bort på presten og sa:

Ja, eg høyre ho alt er framkomen, ja.

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» 
av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no