ANNONSE

Dikt

Bekken klukkar

Høyrer du kor bekken klukkar

der han hastar fort forbi,

over stein og over stokkar

på si ferd i lund og li.

Bekken tek sin vante veg

der han vilter boltrar seg.

Vill er ofte ferda.

Ser du bekken kor han fossar,

danner både høl og stryk.

Bekken han har aldri ro,

farer over hei og mo.

Bekken lokkar og han dreg

tørste munner bort til seg.

Svalar heite kroppar.

Bekken er som livets mor,

uten han døyr alt på jord.

Trær og blomar gras og strå

utan vatn vil forgå.

Bekken han gjev liv til alt

med sitt vatn klart og kaldt.

Leskar tørste munnar.

Bekken kan`kje stille stå,

stundar i mot havet.

Ut mot havet stort og blått

hastar bekken dag og natt,

og av mange bekkar små

dannast både elv og å,

på sin veg mot havet.

Men kvar kjem så bekken frå,

der han veks og vert til å?

Bekken startar i det små

veks seg stor på ferda.

Stansar ikkje eit minutt,

fylgjer elv og å til slutt,

i ville stryk mot havet.

Fra boken «Rim og stubber 
om koner og gubber» 
av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no