ANNONSE

Dikt

Per og bestemor

Han Per var på vitjing hjå bestemor,

og ho var den gildaste «besta» på jord.

Dei hadde det begge to gildt i lag

og fulgte kvarandre den heile dag.

Bestemor fann på så mykje rart,

at vesle Per likte seg her var jo klart.

Ho hadde tid til å leike ein tur,

og alltid ho hadde litt godteri på lur.

Men bestemor kunne ikkje berre leike,

ho måtte jo både koke og steike.

Og vaske og halde det reint i huset,

og dampe og stryke bukse og bluse.

Men vesle Per hang i stakkjen til «besta»

og fulgte med henne over det mesta.

Kvar ho gjekk og kvar ho stod,

det var berre så vidt ho fekk gå på do.

Ein dag då ho dreiv på i stakk og i kofte,

og vaska i trappa opp i mot loftet,

kraup vesle Per etter henne i trinna,

og lyfta opp stakken og kikka inn under.

Bestemor vart litt forskrekka av det,

nei, nå må du la meg få vera i fred.

Du må ikkje fare med slikt spetakel

å lyfta og kikka meg inn under stakken.

Eg ville sjå om det er sant det far min seie,

sa Per som vart både skamfull og leie.

Han seie at du har alt det du trenger

og at du har fodla rauå med penger.

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no