ANNONSE

Dikt

Julegrisen

Han Bartel har slakta sin julegris,

og det gjekk for seg på skikkelig vis.

Med ein til å slå og ein til å stikka,

og gamle bestemor kom for å kikka.

Kånene varma opp vatn til å skolla,

og dei skulle og røre blodet i ein bolle.

Han som sko slå var ein røslige fyr,

som hadde tatt knekken på større dyr.

Grisen vart dregen med hyl frå sitt bol,

han myste stygt mot den låge sol.

Ein sleit i halen og ein i øyra,

det var ikkje manna mål å høyra.

Mannen med øksa gjorde seg klar,

og grisen forstod nok kva veg det bar.

Han stritta imot og hylte og skreik,

og ville`kje ende som julesteik.

Men han sto`kje imot slik ei overmakt,

han var nok dømt til å ende som slakt.

Og då mannen med storøksa klemte te,

då hylte han fælt før han seig i kne.

Så velta dei skrotten oppå eit bord,

og kniven spidda den tjukke svor.

Blodet det rann frå den livlause skrott,

det var ikkje akkurat kongeleg blått.

Skrotten vart skolla for hår og for bust,

og manfolka skrapa av hjartans lyst.

Dei hadde ei flaske med noko på lur,

så rett som det var vart dei borte ein tur.

Snart låg han på ryggen skolla og rein,

med oppspretta mage og sprikande bein.

Innvollen velta dei oppi ein stamp,

og opp ifrå den steig ein vemmelig damp.

Når alt var gjort klart og skrotten var stiv,

dei parta han opp med sag og med kniv.

Nå hadde dei mat nok til julefesten,

og oppi ei tønne dei salta ned resten.

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no