ANNONSE

Dikt

Legde i åkeren

Hans og Tønnes var gode naboer, og begge to var kvikke i replikken, og likte godt å trekkje litt i kvarandre når sjansen baud seg. Men alt var berre på moro, ingen av dei la noko vondt i ein god replikk.

Begge to var flinke gardbrukere, og likte å fylgje med det som vaks på garden. Og i ledige stunder tok dei gjerne ein tur ut for å sjå korleis det stod til med avlinga.

Begge to hadde byggåker som stod fint, og såg ut for å gi god avling, og var akkurat i ferd med å skyte.

Det hadde vore fine forhold for åkeren så langt, men rett før helga kom det eit voldsomt regnvær som la flat ein god del av byggåkeren til Hans, mens Tønnes sin byggåker hadde skote, og stod like rett og fin. Kva årsaken til det kan være er ikkje godt å seie, kanskje det hadde noko med gjødsling å gjere.

På Søndagen var dei begge to ute for å sjå korleis det stod til med åkeren, og dei møttes då ved skiftegarden som så mange gonger før. Tønes som var litt av en skøyer hadde nok sett at åkeren til Hans hadde fått fleire store legder, og han kunne ikkje halde seg for å trekkje litt i Hans og sa: ”Kos æ det Hans, he ågeren din skåde?” Hans var ein kløpper til å koma med slåande replikkar så han svara: ”Nei, men han ligge å sikta”.

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no