ANNONSE

Dikt

Gamle Per og Maren

Han gamle Per og ho gamle Maren sit att åleine på gamle garden,

nå sit dei inne – med sitt dei pusla mens gamle pus rundt i stova rusla.

Men borti ovnskråa varm og god snart legg han gråpus seg stilt til ro.

Ho gamle Maren på rokken trør – på same vis som ho gjorde før,

alt mens ho nynner ein melodi, som ho har gøymt frå si ungdomstid.

Nå trør ho rokken til gamal takt, mens pus i ovnskråa er på vakt.

Han gamle Per er ein hendig kar som alltid eitkvart å gjere har.

Når vinden uler og kvin kring nova, han puslar alltid med sitt i stova.

Nå sit han inne og lapper sko, mens pus i ovnskråa ligg i ro.

Han gamle Per har ei sprekk i buksa, det spørs om skreddaren kan ha juksa.

Og ut av sprekken som er så svær, heng det som ein gong var vesle Per.

Mens Per han sit med skomakerleisten, heng ut av sprekken hans heile stasen.

Inn under ovnen ligg gamle pus og drøymer om at han fanger mus,

men best det var då han glytte fram, då fekk han auga på det som slang.

Stilt og roleg han fram seg åla mot det som dingla ut gjennom håla.

Han vesle pus opp mot håla skotta, det ligna mest på ei diger rotta.

Og pus er krigersk som aldri før, han strekjer fram sine kvasse klør.

Og klar til angrep han fram seg smyg mens haletuppen hans golvet stryk.

Brått stansa rokken og Maren ser på vesle pus og på gamle Per.

Og mens ho ser på – ho mullar fram – nei Per å Per det er synd og skam.

Så snart ein godbit fins i vårt hus, så må du tru at den skal i pus.

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no