ANNONSE

Dikt

Dressen min

Det heng ein dress oppå loftet

som ein gong var mørkeblå,

er`kje lenger i bruk så ofte

og føler seg gamal og grå.

Han heng der ganske åleine

gøymt i sitt mørke skjul,

frå morgon til kvelden seine

og vonar det snart er jul.

For då slepp han ut at i ljoset,

vert oppussa, pressa og stelt,

og børsta som kua i fjoset

og føler seg nett som ein helt.

I ungdomen var han å finne

i alle slags lystige lag,

då hang han`kj lenge inne

i mørke slik som i dag.

Det var noko rart med den dressen,

han krympa frå år og til år,

så både buksa og vesten

dei klemde rundt mage og lår.

Han er ingen ungdom lenger,

er falma med loslitne sår,

og virker litt slapp der han henger,

ber merke av alder og år.

Og han som har aksla dressen,

er og blitt gamal og grå,

han er noko sagjen i sessen,

og slit nå når dressen skal på.

Men alt har i livet ein ende,

når han som eig dressen har flytt,

då vert han vel henta frå loftet

og ender på Sele til slutt.

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no