ANNONSE

Dikt

Gniaren

I skogkanten rett ved ei mosegrodd myr,

der bur det ein underlig radmager fyr.

Ein gjerrigknerk av verste slaget

som unner seg hverken brød eller kake.

Han spinkar og sparar og samlar på alt,

og ser seg`kje rå til smør eller salt.

Om morgonen vaknar han opp i sitt bol,

med jamrande mage – svolten og hol.

Han kosta bort mygl av eit inntørka brød,

som han svelgjer ned med litt kaffesø.

For kaffe det kan han`kje væra foruten

sjølv om den er tynn og er koka på gruten.

Med skjelvande hender og augo som skin,

han tek fram og åpnar sitt pengeskrin.

Han tel sine pengar kvar einaste dag

der sedlar og mynter ligg lag på lag.

Han stirar på skatten med siklande munn

og gløymer alt anna ei lita stund.

Og gniaren lever eit tarveleg liv,

han roter i alt det som andre folk hiv.

Så dreg han heim både rått og råte,

kva han vil med skrotet, det er ei gåte.

Du ser han støtt der han går og traskar

langs vegen på leit etter panteflaskar.

Han har ikkje råd til ha smør på skjeva,

det er berre så vidt han har råd til å leva.

Og aldri du ser at han tenner eit lys,

men han sit der åleine i mørkre og frys.

Gud veit kos det ender den kroppen til sist,

for at han må vandre er sikkert og visst

Og sjølv om han sparar heilt til det sista

så får han`kje noko med seg i kista.

Men gniaren tenkjer ikkje som andre

og reknar`kje med at han ein gong må vandre.

Han spinker og sparer den arme sjel,

det ender vel med at han svelt ihel.

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no