ANNONSE

Dikt

Han Erik med Myrå

Han Erik som bur der sør attmed myrå,

æ en liden stabbe med skjegg å hår.

Han snakka alltid, å helst om dyrå,

å då æ det sjelden at kjeften hans står.

Han snakka om kyr å han snakka om saue,

å han gløyme aldri dei så æ daue.

Så snakk`an om gris, å om hund å katt,

å adle æ dei gildaste så han he hatt.

Han snakka gildt om den blakka merrå

så måtte på slakthuset tidleg i vår.

Den besta merrå han hadde for kjerrå,

ei ligare merr trur han aldri han får.

Men hu va blitt gamal å mett av år,

då æ det som regel den veien det går.

På slutten hadde hu vondt for å gå,

å var helst et ynkeleg syn å sjå.

Han Erik he saue så går oppi heiå,

der æ tretti i talet med stort å smått.

Den finaste smalen så finns her i værå,

med et kjød så smaga fortreffelig godt.

Så snakka han fint om den brogete veren,

den han fekk premie for her i fjor,

å så nå står åleina inne på båsen,

den beste veren så finns på vår jord.

Han saudra å snakka om små å store,

om vær å vind, om laust å fast.

Å dæ æ`kje så godt å koma te ordet

nå han æ i gang med si medfødte last.

Då kan du liga godt sidja og tia

å aldri prøva å seia det slag.

For når Erik he begynt å snakka om dyrå,

då kan han saudra ein heile dag.

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no