ANNONSE

Dikt

I Verhusbakken

Attonna garden i Verhusbakken,

sit eit par karer i middagssol.

Dei sit i live for nordavinden,

i gras og nysprotten hestehov.

Men ennå er det`kje sumarvarme,

om sola skin frå ein himlen blå.

Men dei som sit under skiftegarden

har funne fram til ei livdakrå.

Dei sit og mimrar om gamle dagar,

og ser på alt som på jorda gror.

Dei ser på åkeren kor han spirer,

og alle under på denne jord.

Dei er forbi sine beste dagar,

har sett det same i mange år.

Nå har dei møte ved skiftegarden,

i ly for vårvinden kald frå nord.

Dei har eigd jorda på kvar si side

av skiftegarden der dei nå sit,

og ser tilbake på andre tider

med lange dager og mykje slit.

Dei minnes slitet med skiftegarden

som dei ein gong lødde opp i lag.

Då var dei unge med sterke armer,

med mot og vilje til tunge tak.

Men åra har runde all for fort,

nå er det lite som før var stort.

Nå tek maskiner dei tunge tak,

å rydde stein nå er ingen sak.

Slik sit dei der onna skiftegarden,

og minnes mangt i frå farne år.

Og sjøl om begge har merka åra,

får dei nå oppleva nok ein vår.

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no