ANNONSE

Dikt

Per på det sista

Han Per hadde lenge gått rundt og hangla,

det var tydeleg at det var noko som mangla.

Nå låg han til sengs, var bleik og mager,

men Per var ikkje av dei som klager.

Han visste nok sjøl kva veg det bar,

men han prøvde ennå å gjere seg hard.

Kjerringa hans var av gjerriga slaget,

som spara på alt i det lengste laget.

Nå såg ho at Per nok låg på det sista,

og heile matlysta hadde han mista.

Vatn var einaste som han fekk ned,

men maten ho laga fekk stå i fred.

På gravferd ho begynte så smått å tenkje,

og at ho snart ville sitje som enkje.

Ho måtte ha mat til gravferdsbordet,

steike mjuklefse var då det fyste ho gjorde.

For det høyrde til på slik ein dag,

og det låg det gamle tradisjoner bak.

Per låg i senga si heilt på det siste,

men lefse var noko av det beste han visste.

Nå låg han og kjente den gode lukta

av nysteikt lefse som seiv gjennom lufta.

Han ropte til kjerringa om å få smaka

ein bete av lefsa som ho hadde baka.

Ho reiv av ein bete og gav til sin mann,

og han tok imot med ei skjelvande hand.

Men då han ropte og bad om litt til,

var kjerringa hans ikkje akkurat snill.

Du kan då`kje ete opp mjuklefsa nå!

Det er til di gravferd må du forstå.

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no