ANNONSE

Dikt

Alderdom

Han Knut hadde aldri feila det slag,

og hadde vore sprek i all sin dag.

Men plutselig svikta det høgre beinet

så no var han blitt både støre og kleine.

No måtte han koma av gårde til legen,

og han grua seg fælt til den lange vegen.

Han kom seg av gårde med hest og med kjerre,

og foten vart berre verre og verre.

Han kom seg inn på legens kontor,

der måtte han leggje seg oppå eit bord,

mens legen samfor det vonda beinet,

som gjorde at han nå var vorte så kleine.

Han brekte på beinet og klemte og sleit

så Knut han blei både nummen og heit.

Men endelig felte legen sin dom:

Det heile kjem seg av alderdom.

Det var ikkje godt for Knut å forstå.

Kvifor er berre den høgre vonde då?

Den venstre den er då like god,

og dei er då lika gamle dei to.

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no