ANNONSE

Dikt

Smalahove

Ein gong eg var i eit festleg lag,

eg minnes det som det var i dag,

for eg var svolten og eg var tyst,

men heller skral vart min matalyst.

For midt på bordet der me var sessa

i selskapskjola og mørke dressa,

der vart det sett fram eit digert brett

med smalahåve og smalafett.

Dei låg og smilte med matte aue,

for dei var håvå til daue saue,

og alle likna dei sorte får,

forutan skinn og forutan hår.

Med brune tenner og svidde lippe

dei mangla øyre og augnavippe,

dei hadde brekta for siste gong

og høyrde ikkje kor fint me song.

Han som var vert kjende kvar eit håve,

han hadde fora dei i sin låve,

for meg var håvene ganske like,

eg såg`kje forskjell på ”gut og pike.”

Eg trudde mest at eg skulle daua

då dei slurpa fettet som låg rundt aua.

Det var litt kjøt utpå kjegabeine,

men sjølve skolten var ganske reine.

Men der var øl og god Akevitt

som gjorde under med min apetitt,

så før eg visste reint kva eg gjorde

eg sette i meg av alt på bordet,

for her var eple og her var saus,

og smalaauene sat ganske laus,

eg pirka ut eit som låg og kikka

og fettet rundt det eg i meg slikka..

Så har du øl nok – og Akevitt,

så kjeme matlysta litt om litt.

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no