ANNONSE

Dikt

Fantane

Eg hugsar godt frå mi barndomstid

då fantar og «kramkarer» kom forbi,

med skreppene fulle av alle slags ting,

som knappar og nåler og buksespring.

Dei for og rek langs veg og sti

og ikkje eit hus gjekk dei forbi,

heime hjå oss kom dei alltid inn,

og baud fram ting ifrå kufferten sin.

Mor kjøpte springband – og ho kjøpte knappar,

og alltid tri-fire par svettelappar,

for det høyrde til når ho sydde kjola,

til koner som sveita i gloheite sola.

Slik for dei å traska frå hus til hus,

og ein gong me høyrde dei bar med seg lus.

Då skal eg sei det vart litt av eit styr,

for alle var redde dei ørsmåe dyr.

Eg hugsar ein stakkar i diger frakk

som humpa i veg - kroket og skakk,

han tigga og gret for si stakkars kone

som låg til sengs på tredje månad.

Og klokkefanten var og på tur,

med lommene fulle med armbandsur,

eit par av dei gjekk, men dei fleste stod stille,

og nekta å gå kor gjerne han ville.

Når været var surt og det lei imot nått

og alt som dei hadde var klisset og vått.

Då fekk dei lov til å lage seg køy,

og kvile og sove i Gyda sitt høy.

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no