ANNONSE

Dikt

Grisen og hunden

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen

Publisert: 06.12.2014

Det var ein gong ein svart liten gris,

som rusla langs vegen på fredeleg vis.

Han ville vel ut og sjå seg omkring,

og gjekk der og tenkte på ingenting.

På same tid gjekk ein rottwailer hund,

og skræmde ein mann som gjekk tur i ein lund.

Hunden gjekk laus utan førar og band,

og glefsa og truga den fredlige mann.

Både hunden og grisen var ganske åleine,

og ingen visste kvar dei høyrde heime.

Så då tykte folk at det sikkert var best,

å få dei bak dørene i ein arrest.

Grisen var sikkert ein fredelig fyr,

han skremte`kje vetet av folk eller dyr.

Mens hunden såg ut som ein drapsmaskin,

med mannvonde augo i skallen sin.

Politiet vart varsla på vanleg vis,

og tok til å jakta den trillrunde gris,

som vart fanga - og sit nå bak lås og slå,

og får ikkje lenger i frihet gå.

Men hunden går fortsatt laus i lunden,

og glefser og gøyr med fraue om munnen.

Hans sak ligg nå inne hjå ein jurist,

så ingen veit korleis det går han til sist.

Og denne soga om hund og gris,

den kan diskuterast naturligvis.

Kven burde sitje bak lås og slå,

og kven av dei to burde frie gå?


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no