ANNONSE

Dikt

Gamle raunen

Det står ein raun attmed markaleet

så skeiv og piska av vind frå nord,

men trasig står dette gamle treet

og syg si kraft frå den magre jord.

Slik står det midt millom digre steinar

og krummar ryggen for vær og vind,

med kroket stamme og skeive greine,

og røter djupt nedi jorda skrinn.

Når hauststorm ruskar i gamle treet

og reinskar greiner for visna lauv,

og snøen legg seg i markaleet,

står gamle raunen attende snau.

Men snart stryk vårvind om hol og toppar,

då vaknar raunen frå dvalen opp,

og snart står treet med friske knopper,

og sevja stig ifrå rot til topp.

Snart heng det klaser av kvite blomar,

som etter kvart vert til raude bær,

når dei er mogne på ettersumar,

dei vert til føde for trost og stær.

Slik har det stått der ved markaleet

i allslags vær ved den gamle grind.

Nå gror det mose på gamle treet,

ein dag det fell vel for nordavind.

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no