ANNONSE

Dikt

Slagsmål

To gamle ungkarer – Lars og Bertil

rauk ut i krangel ein dag i vår.

Kven som var skuld i eit slikt spetakel,

ei kvinnfolkflørkje på førti år,

som sette griller i to gamle hove,

men gjekk og flira av begge to.

Dei vart innbilske dei gamle kara,

mens ho gjekk rundt der og flein og lo.

Men disse to var nå reint forheksa,

og greide knapt halde seg i ro,

for begge to ville ha den kreksa,

om det sko kosta dei kjøt og blod.

Så rauk dei uklar om denne drosa,

som olme okser om same ku.

Og sinnet gjorde dei raud om nosa,

og skjellsord hagla rundt der dei stod,

og begge skalv over heile kroppen,

og augo lynte hjå begge to.

Men best det var spytta Lars ut skråa,

og kasta trøya i same stund,

han Bertil stillte seg opp i kråa

mens snusen sikla ifrå hans munn,

og begge var nå som to berserkar,

og knytta nevane klar til kamp.

Med seige sener og sterke musklar,

dei barka saman med spark og slag,

og gjekk ållveltes på kjøkkengolvet

og trilla rundt om i tunge tak.,

mens blodet sikla frå munn og nase,

og sveiten sila av ryggen bak.

Mens knytta never i lufta susa,

og snørr og blod over fjeset rann,

dei reiv ållveltes bord og stoler

som gjekk i golvet med dunk og brak,

med hopp og kast nett som ville folar,

dei reinska alt ifrå golv til tak.

Men sinnet var ikkje av dei tappa,

dei rava rundt om med skrik og skrål,

og tumla ut mot den bratte trappa,

mot grus og sorpe som siste mål.

Og utfor bar det med dur og dunder,

der vart dei liggjande i ein pøl.

Og begge to med ein diger blåveis,

og begge fulle av blod og sår.

Klærne var berre skitne filler,

dei hadde spent av seg sokk og sko.

Der enda kampen for Lars og Bertil,

mens ho dei slåst om sat att og lo.

Slik kan det gå når to gamle kaller

på same tid mister sin forstand.

Når augo blindast i deira skaller,

og ser`kje forskjell på sjø og land.

Når gamle mannfolk på deira alder,

for slik ei sak taper all forstand.

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no