ANNONSE

Dikt

Han Torvald på Vodl

Han Torvald på Voddel æ ongkar og nærmer seg dei sytti. Han he i adle år budd åleina på den litle garden sin. Han he klart seg sjøl for det mesta, både inne og ude, og he ikkje hatt behov for kvinnfolkhjelp te denne tid. Han rekna med at det bara vart ekstra utgifter om han sko ha et kvinnfolk i huset, og he derfor gått der å potla åleina. Men itte som årå he gått, og ingenting he vorte lettare med årå, å særlig stedlet innomhus he vorte vanskeligare for han, både nå dæ gjelde matstedling og reinhald, så he han itte kvert begynt å tenkja så smått på om han sko få seg ei husholderske som konne avlasta han både med dæ eina og det andra.

Dette he han gjee og spekulert på ganske lengje, men det he liksom ikkje vorte noge av det, han he tenkte på kos han sko ordna det reint praktisk. Det måtte nok ordnast litt i huset vist det sko koma et kvinnfolk å bu der. Sjøl så hadde han i adle år hatt sitt soverom i fyste etasje, i et kammers rett inn av ståvå. Oppe på loftet var der et soverom som nok konne brugast te et kvinnfolk, om han fiksa det opp litt, og fekk inn ei nye seng, og forskjellig anna så var nødvendig.

Slik gjekk han og spekulerte ei heile ri, men en dag tok han den endelige avgjerda. Nå ville han få seg ei hus­holderske. Han sette då inn fylgjande avertesement i avisa: «Hus­holderske får plass på liten gard hjå ungkar med lite steddel.» Han begynte straks å fikse på loftet, kjøpte ny seng med god madrass, og gjorde det så trivelig som han konne til husholdersken sko koma.

Plutselig en dag han gjekk og potla med noge ude, kom det et fremmane kvinnfolk ruslande inn i gardsromet. Hu konne vel væra omtrent 30 år, var litt runde i kantane, og va smilande og blide der hu kom bort til Torvald og helste på han. Det var slik at hu hadde sett i aviså at han sko ha husholderske, og hu konne tenkja seg å ta jobben. Torvald studerte henne frå adle kanta, og fant ud at hu såg både greie å koselige ud, så det tok ikkje langa stonnå før han slo te. Hu ville sjølsagt sjå seg om både inne og ude, så Torvald fylde henne rundt og viste fram det så va av interesse.

Jentå flytte så inn på loftet, og va snart i fodle gang med både matlaging og vasking, og aent forefadlande arbeid.

Det sko visa seg itte ei stond at denne jentå var livredde for torevær. Om hu såg et lyn eller høyrde et torebrag vart hu heilt hysterisk av redsel.

Så var det en kveld at tonge skye seig inn øve landet. ­Himmelen mørkna og det va ikkje tvil om at dæ va uvær i vente. Beggje to gjekk kver til sitt rom og la seg, men det var ikkje langt utpå nåttå før uværet slo te for alvor med et voldsomt torevær. Det lynte og smalt i ett vekk, så jentå på loftet vart heilt ifrå seg av redsel, og dæ gjekk ikkje bære te enn at hu sprang ned trappå å inn i kammerset te Torvald og for rett oppi sengjå te han.

Du kan tenkja deg at en ongkar på øve seksti, som ­plutselig fekk ei unge jenta oppi sengjå, tykte dette var ei stor opp­leving der han plutselig låg og hildt rondt ei livredde husholderske. Nå var han som i sjuande himmel.

Men været letna itte kvert, å det slutta og tordna, så jentå vågte seg opp på romet sitt igjen.

Om kvelden den neste dag då dei sad inne i stovå, reiste Torvald seg og gjekk bort til vinduet og kikka ut på været, snudde seg te husholdersken og sa: « Ja, det ser ut for at det tjukna te te nåttå igjen.»

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no