ANNONSE

Dikt

Vipa

Det kjennes mest som vinter, med iskald vind frå nord,

for ennå har`kje tela slept taket i vår jord.

Men sjølv om det er våren, er natta ennå grå,

men sola stig på himmelen snart spirer korn og strå.

Ut på den snaue åker i kulde og i blest,

der sit ei stakkars vipa utan skjerf og vest.

Ho frys nok fælt på beina her på den frosne jord,

det var jo her ho hadde lagt reiret sitt i fjor.

Nå sit ho der åleine i denne kalde vind,

ho kom så all for tidleg frå vinterplassen sin.

Nå er ho blitt forkjøla og halsen er blitt sår,

eit lite hest vi-vipp er det vårt øyra når.

Kva ville ho så tidleg hjå oss her langt mot nord,

å sitje her å fryse på denne frosne jord.

Ho kom vel ekstra tidlig på besøk til oss i år,

ho burde heller venta til det vart ordentlig vår.

Men imot vind og kulde ho finn ei livdakrå,

der ho i ly for vinden ei kvilestund kan få.

Slik sit ho der og hutrar og frys den lange dag,

og ventar på at fleire vil slå seg ned i lag.

Og snart kjem store flokkar med viper ifrå sør,

så nå må ein gå varsomt og sjå kor hen ein trør.

For midt på snaue åkaren dei lagar sine reir

av strå og tørre kvistar - og ikkje noko meir.

Og sola stig på himlen, det lysnar meir og meir,

og vipa ligg og ruger på egg i sine reir.

Men snart du høyrer pip pip i millom gras og strå,

og vipemor sit stille og vaktar på dei små.

Men når ho så er ferdig med jobben for i år,

ho slår seg ned i flokken som utpå åkeren går.

Når sumaren er til ende og hausten står for dør,

då lettar heile flokken og set sin kurs mot sør.

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no