ANNONSE

Dikt

Vårens under

Det samme under skjer år for år

når sola snur og det går mot vår.

Sjøl om det ennå er mørkt og kaldt

det skjer små under over alt.

Kvar blom som visna i frost og snø,

har lagt igjen sine mogne frø.

Og frø som ligg der ifrå i fjor

dei spire vil i ei vårlig jord.

Krokus, snøklokker og ”kusomar”

er blant dei første av årets blomar.

Og løvetanna langs sti og vei

vil lysa gult på langan lei.

Så snart som vinteren er forbi

då vaknar livet i lund og li.

Snart grønkar enga av gras og strå

og snart syng lerka på himlen blå.

Og sola stig for kvar dag som går,

og alle under ber bud om vår.

Men sjølv om timar og dagar går,

om sola snur og det går mot vår,

vil ikkje vinteren heilt sleppe taket,

men syne at han har litt tilbake,

for ennå kan han gi is og snø,

og fare vondt med det spirte frø.

Men våren kjem, han er i rute

og gjer seg klar med alt der ute.

Når sola tiner bort is og klake,

og liljer knoppar seg i kvar hage.

Når fugletrekket har kurs mot nord,

då er det vår over Jærens jord.

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no