ANNONSE

Dikt

Vårliv

Nå blømer liljer i tun og hage,

nå kvitrar lerka på himlen blå,

og alle småfugla er tilbake,

og enga grønkar av gras og strå.

Sjå bjørketrea langs veg og stiar,

er kledd i lysegrøn vårlig drakt.

Det åndar vår ifrå lund og lier,

for våren er her i all si prakt.

Høyr humla surrer i morgonsola,

blant liljeblomar og løvetann,

ho sankar pollen til humlehola

og fekk det travelt då våren kom.

Og vesle linerla går og trippar,

ho skvett og høpp i frå stein til stein,

og dansar rundt og med stjerten vippar,

og hentar strå til sitt vesle reir.

Stillt utpå åkeren der ligg alt vipa,

på sine egg i sitt enkle reir,

av visna gras og av tørre kvistar,

ho har`kje bruk for så mykje meir,

Og over alt blinkar morgonsola,

med lys og gleda for alt som gror,

men ennå er det`kje sumarsola,

som sender stråler på vårlig jord.

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» 
av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no