ANNONSE

Dikt

Berre ei flue

Det sit ei flue i vinduskarmen,

ho sit i ro der og kjenner varmen,

for sola skin gjennom glaset inn,

så flua får varme kroppen sin.

Ho har nett våga seg fram i salen,

og er litt dau etter vinterdvalen,

men får ho sitje i ro og fred,

så vil ho sikkert snart vakne te.

Ho er jo berre ei simpel flue,

og har nok overvintra i mi ”stue”,

der ho har sove som bjørn i hi,

men har nå vakna til sumartid.

Eg kunne klaska ho der ho sit,

før ho flyg rundt og legg frå seg skit,

for om ei stund når ho vakna til,

då legg ho skitklatter kvar ho vil.

Men det vil være litt feigt av meg,

for flua orka`kje fly sin veg,

så ho får sitje i fred og ro,

og livna opp og bli frisk og god.

Då får eg finne fram fluesmikka,

og rundt omkring etter flua kikka.

Då er me liksom på like fot,

å starte ulikt er eg imot.

Fra boken «Rim og stubber om koner og gubber» 
av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no