ANNONSE

Dikt

Bryllaup på Lid

I atten nitti, kring jonsoktider,

det stod eit bryllaup på garden Lid.

Mens småfugl song oppi alle lier

og heggen blømde langs veg og sti.

Og oppå Ligarden var det pynta

med bjørk og blomar av alle slag.

For sjølve storbonden Ligards-Ola

han hadde gifta bort dotter si.

Og utpå tunet i junisola

var drøset alt kome godt på gli.

Og bryllaupsfolket dei stod i flokkar

og prata saman om laust og fast.

Øl var bryggja til bryllaupsfesten,

slik som det høver til slik ein dag.

Og midt på tunet stod gamlepresten

som og var med i det gilde lag.

Og øvst på trappa ved stabursdøra

stod spelemannen med fela si.

Og kjøgemeisteren Per Kleiva

gjekk rundt og skjenkte det glade lag.

Han auste øl med den store sleiva,

her sko`kje sparast på slikt i dag.

Og folket smatta og ølet skumma

og låtten løysna for kvar ei krus.

I sjølve storstova var det duka

eit digert langbord med bryllaupsmat.

Der var det skinke og der var pølser

og smør og kringler på store fat.

Der var det flatbrød og mjuke lefser

og søte kaker av mange slag.

Og kjøgemeisaren øvst på trappa

han ropa gjestene inn til bords,

og par på par steig nå inn i stova

og fann seg plass ved det lange bord.

Og øvst ved bordet ved brureparet

sat sjølve Ligards gubben rund og stor.

Så vart det ete og det vart drukke

og det vart tala med store ord.

Han som var brudgom sa takk for brura

som var så god og så flink og snill

Og Ligards-Ola han var i godlag

som regel får han det slik han vil.

Så vart det skåla for brur og brudgom,

det vart sjenkt sterkt i dei småe glas,

og Ligards Ola han drakk og skåla

med sine gjster i bryllaupsstas.

For det var slektsfolk og gode vener

som sat rundt bordet på denne dag.

Men ho som sat under brurekruna,

var still og tagal og lite glad,

for han ho nett hadde sagt sitt ja til

var ikkje han som ho ville ha,

men han ho fekk etter farens vilje

var odelsgut på ein storgard han.

Mens sola seig ned bak Ligardsnuten

var dansen alt kome godt i gang.

Og par på par svinga rundt i dansen

til felelåt og til munter sang.

Og spelemanne på staburstrappa

gnei felestrengene natta lang.

Men utpå tunet ved stabursveggen

låg eit par karer i salig rus.

Og rundt ikring dei i jonsokgraset

låg tome flasker og krus og glas.

Og månen skein frå ein skyfri himmel

på dei som sov i det grøne gras.

Og Ligards-Ola gjekk rundt i laget

han tok ein svingom ein gong iblant.

Og kjøgemeisteren svinga sleiva

han skjenkte øl til det glade lag.

Og ølet skumma og blodet brusa

og natta gjekk mot den nye dag.

Brått vart det stilt uti Ligards-tunet

og dans og fele dei gjorde stopp.

for inn på tunet i månelyset

kom hest og ryttar i full galopp.

Og han i salen fekk tak i brura

og svinga henne i salen opp .

Men Ligards-Ola stod midt på tunet,

forskræmt og såg på at brura for.

Han mista reint både munn og mæle,

men fekk omsider fram stygge ord.

Og brura vart både redd og glad,

for ryttaren var han som ho ville ha.

Fra boken «Rim og stubber om koner og ­gubber» av Joleiv Ellingsen


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no