ANNONSE

KULTUR

Rabalder med rebellar

Tekst: Svein Kåre Gunnarson



Publisert: 11.06.2016

Stig Erlend Midtgaard og Arnstein Jacobsen er ute med ny bok, og eg set meg ned med Midtgaard for eit intervju.

– Dette er andre boka me gir ut, fortel Midtgaard. – Den første, Rabbel og babbel, kom ut på Commentum i 2014. Me er fortsatt dei to same som gir ut boka, to barndomskameratar frå Avaldsnes på Karmøy. Arnstein malar bilete i kjellaren, og eg skriv korte tekstar, vanlegvis på Twitter, så der er ei begrensing på 140 teikn. Det er altså i det formatet eg skriv i. Forskjellen mellom denne boka og den førre, er at denne er – ikkje melankolsk, men gjerne litt mørkare i enkelte ting, men ikkje noko deprimerande lesing. Det er fortsatt leik med ord og ordspel, korte forteljingar og dikt.

– Det som òg er litt annleis no i forhold til førre bok, er at Arnstein har malt nokre bilete som er i seriar. Dei har eit tema eller ein spesiell stil, blant anna eit tema som går på musikk, der figurane viser ulike sinnsstemningar, men er ganske like personmessig. Ein del av tekstene har òg musikk som utgangspunkt, og brukar såkalla hashtags der det går på bandnamn om alt frå Beatles til Joy Division og andre band som har inspirert til å skriva tekst. Me prøver å vera litt moderne med bruken av hashtags sånn. Han småler. – Men elles altså mykje same stil og leik med ord og måte å skriva på som sist.

– Det som òg kan vera greit å nemna er at me har fått ein avtale med Terje Vallestad på Sting, han har laga til oppe i tredje etasje der det blir poesilesing den 16. juni, frå klokka 19–21. Då blir det eg og fem andre som skal lesa. Det blir ein fin mulegheit til å presentere boka og lese tekstar frå ho, for eit publikum. Me vil vera ei fin samling av ulike forfattarar, både uerfarne og de som har gitt ut bøker før.

Det er ganske spesielle bilete?

– Ja, dei er veldig fargerike. Eg er veldig glad i dei bileta, med sterke uttrykk og dei lyser opp med éin gang du ser dei. Og sjølv om Arnstein sit i Danmark utanfor Herning og malar sine bilete og eg på Sola og held på med mitt, så har me prøvd å kopla tema slik at dei passar saman, at det er nokre kryssingspunkt. Og så er det ca. fire, fem tekstar for kvart bilete. Tekstane og tilhøyrande bilete dannar då eitt tema. Alle bileta har òg et namn som speglar tema.

– Elles så jobbar eg i det daglige innan helsevesenet som psyiatrisk sjukepleiar og kognitiv terapeut. Tekstane blir inspirert av det eg jobbar med og situasjonar eg opplever, med blant anna depresjon og angstproblematikk. Sjølvsagt uten at eg utleverer nokon på nokon som helst måte.

Og så skriv eg til alle døgnets tider, nokre gongar kan eg få eit innfall etter eg har lest noko ein plass, sett noko på TV, høyrt ein song på radio eller spelt ei plate, og så plutseleg må eg berre skriva ein tekst. Eg må få det ut når det kjem – det blir akkurat som ein terapi det òg, at eg får brukt tekstane til noko konstruktivt, og får utløp for ting eg sit inne med.

– Det å gi ut ei bok er som et svangerskap, du følgjer eit prosjekt frå den spede byrjinga og får gode tilbakemeldingar og korrigeringar undervegs. Bernt frå forlaget har vore flink og sagt kva han meinte. Det har vore ei ganske lang reise, og no er det akkurat som å komme på fødeavdelinga med nyfødt bok. No er det følelsar i sving.

Stolte foreldre som vil vise fram barnet?

Han ler. – Ja, det er jo i grunnen det. No er det halvanna år sidan førre boka kom ut, og me er så og seie tomme for bøker me har å selja. Det er jo litt trist, når me er ute og les og ikkje har nokre bøker me kan selja til dei som vil ha, men no blir det bra med mykje nytt å presentere, møte interesserte folk og snakke med dei og selja noen bøker. Det er veldig kjekt.

Elles er det også oppstått et forfattarmiljø her, der me er fleire forfattarar som byttar bøker, idéar og inspirasjon med kvarandre. Det er ein fin ting med å skrive, at me får noe tilbake frå andre.

Kva med tittelen?

– Tittelen ja – det er litt moro, fordi Rabbel og Babbel var basert på at Arnstein rablar og eg bablar. Arbeidstittelen på neste boka var Rabbel og babbel 2, men ei blanding av dei to orda blir på sett og vis til Rabalder. Eg sendte ei melding til Arnstein og spurte, «Går det an å sei rabalder på dansk?» Då hadde eg heilt gløymd at Gasolin hadde gitt ut ein plate som het Rabalderstræde Forever, med ein song som heitte Rabalderstræde. Så uttrykket rabalder er vel vel så mykje brukt i Danmark, så då fann me ut me kunne bruka det. Ordet kan jo bety bråk, at noko er i gjære på ein måte, noko kjem til å skje. Så tittelen speglar jo på ein måte at no har me noko i gjære, no er me klare med meir, utan at det blir så veldig hardtslåande. I tillegg er det òg ein musikalitet i det, og Gasolin er eit kjent og kjært band i Danmark; alle har et forhold til Kim Larsen. Det er eit spenstig ord, det har ein bodskap og det er noko me ønsker å sei med den tittelen. Me er godt nøgde med den, og så er det også ein kort tittel, som kan tolkast på forskjellige måtar. Eg likar slike titlar, som folk kan tolka forskjellig på sin måte, og kanskje tolke ulikt etter kvart som dei les i boka.

– Me er òg godt nøgde med omslaget på boka; fargevalet og layouten, og så blei det litt artig med bileta av oss på baksida. Dei skulle opprinneleg vera vanlege fargebilete, men så skjedde det ein trykkfeil då me skulle få sjå forslaget, slik at det blei i svart og raudnyansar. Det ble så steinkult at me bestemte oss for å behalda det slik. Raudt og svart er i tillegg dei gamle fargane for anarki og ... skikkeleg rabalder. Det passa godt inn. Og sjølv om det ikkje ser sånn ut no, så er både eg og Arnstein litt sånn, om ikkje akkurat gamle punkarar, så har me hatt ein forkjærleik for rebelsk musikk, som Clash og Sex Pistols og ein del norske band, så sånn sett passa det veldig godt.


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no