ANNONSE

KULTUR

Bok om 50-årsjubilant

Tekst: Svein Kåre Gundersen

Foto: Commentum


Publisert: 12.10.2016

Med boka Bydelen Riska er 50 år har Enok Lauvås sett seg i redaktørstolen. Kven er han, og kva kan han fortelja om bøkene og rolla som redaktør? Lauvås er ikkje vond å be og fortel om det eg lurer på:

Nå har eg blitt 77 år. Eg er fødd og oppvaksen i Riska. Far min var bonde, far hans var bonde og jammen var far hans også bonde, og alle budde dei her på garden Lauvås. Her har eg også budd det meste av livet, med kone og barn, men eg blei lærar. Ein bror fekk garden.

Riska-bøkene

I 1980-åra var det ein aksjon for å samla inn stadnamn. Interessa for namn hadde eg med meg frå barneåra. Eg merka meg namn på fjell og jordstykke. I 2015 hadde Riska historie- og museumslag bestemt at stadnamn skulle vera tema for ei bok. Eg blei engasjert som forfattar, sjølvsagt utan betaling. Arbeidet med boka var dugnad for laget. Boka Stedsnavn i Riska var redigert av Brit Sissel Todnem. Ho var redaktør for alle bøkene i serien om Riska si lokalhistorie, som i 2015 var blitt åtte i alt. Boka Bydelen Riska er 50 år er nr. 9 i denne serien. Alle bøkene er gitt ut på Commentum Forlag AS. Finansieringa av bøkene er eit samarbeid. Eg vil også nemna at mange firma er sponsorar. I år står namna på 20 sponsorar bak i boka.

Boka i 2015 var stort sett eit «one-man-show». Det var unntaket. Alle andre bøker er samling av innlegg av mange, alle med interesse for bygda Riska. Du vil møta i overkant av 30 namn på personar som har medverka til eit godt resultat dette året, somme som intervju­objekt, men dei fleste med innlegg. Det har blitt til 28 artiklar samla under fem faner. Først har me seks artiklar om bygda og bydelen. Det startar med Brit Sissel Todnem sin tale til bygdefolket på Riskadagene 2016 og hennes mantra «någen må jørr någe, for at andre skal ha det kjekt» og «hvis ingen gjør noe, blir ingenting gjort».

Tema for bøkene frå Riska historie- og museumslag er i år som alle år lokalhistorie. Drivkrafta er at mange ser verdien i å dokumentera bygda si historie til glede og nytte for alle. Boka for 2016 står i ein samanheng med tidlegare bøker. Det står ikkje noko om krigen i Riska, omtrent ingenting om hytter eller utvandring til Amerika. Men her kan me visa til bøkene Riska i krig (2012), Hytteliv i Riska (2010) og Til og fra Riska (2011).

Årets bok

I 2009 kom boka Industri og næring i Riska. Men i år er det meir aktuelt stoff. Det har blitt seks artiklar om næringsliv og bedrifter i bygda. Det er faktisk stoff til mykje meir. Men boka i år fekk ei ramme på 200 sider. Også artiklane om organisasjonar og institusjonar i bygda kunne hatt fleire artiklar, men her har eg fått med historia om Riska Kystlag, som nå dessverre ikkje eksisterer lenger. Eit besøk på Riska bo- og aktivitetssenter blei til ein artikkel om dagsenteret skrive av Grethe Lill Birkeland med foto av redaktøren. Dei fleste foto i boka er frå nåtid, men det er også ein god del unike foto, slik som eit foto frå 1964 og den tragiske brannen på Hommersåk Handelslag.

Riska er ei fotballbygd. Dette er godt dokumentert i jubileumsboka om Riska Fotballklubb som Commentum gav ut i 2015. Eg har likevel skrive ein artikkel om fotballen i samarbeid med Audun Arntsen. Artikkelen har som overskrift Ballen trillar vidare. Det var faktisk muleg å finna fram til stoff som ikkje er med i jubileumsboka. Eg nemner også artiklar om atletklubben, orienterings-sport, hestesport og ein artikkel om vengbåten Riskabuen.

Men artikkelen Riska speider er eg mest begeistra for. Her har speidarjenter og speidargutar skrive sjølv, i alt ni sider. Det er stoff frå nåtida, men det er jammen lokalhistorie også, og det fortel om ein bydel med tilbod for barn og unge, og engasjement av friviljug innsats. Det fortel om ei levande bygd.

Det er tre artiklar om kyrkje og kristenliv. Første artikkelen er intervju av personar som har Riska kyrkje som arbeidsplass, så er det artiklar om pinsemenigheten Betel og Riska frikirke. Mange vil nok sakna artiklar om bedehusa i bygda. Ja, det er meir å skriva om «kyrkje og kristenliv».

Erfaringa som redaktør

Redaktørarbeidet har lært meg at lokalhistorie er eit omfattande tema. Eg opplevde stor interesse og engasjement i møte med bygdefolk i arbeidet med boka. Det er lagt opp til ein kveld i Riska gamle kirke onsdag 2.nov. kl. 19. Der skal eg ha eit kåseri om arbeidet med boka, og der vil eg visa foto på skjermen. Den dagen vil Riska historie- og museumslag ha med seg alle sine bøker for salg. Og dersom du har meiningar om tema for ei bok i 2017 eller synspunkt på laget sitt arbeid, så møt opp.

Det er gratis å komma inn, men ta med nokre hundrelappar og kjøp boka! Det er ei bok som passar godt som gåvebok også.


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no