ANNONSE

KULTUR

Tre visne menn og ei solstråle lar livet passera REVY! .... Endeleg i Storbyen!

Tekst: Torolf Nordbø


Publisert: 27.09.2017

Revyen med Nrk-kjendisen John Skien, Tor

Øyvind Skeiseid, Rita Fotland Bøe, Torolf Nordbø, Han Innante og Hallvard K. Gleppupp har endeleg våga seg inn i storbyen. Fredag 27.okt. 2017 brakar det laust i Sandnes Kulturhus. Då har dei spela revyen sin 18 gonger for 4400 menneske rundt om på mindre 
plasser i Rogaland.

Folk kan gleda seg til ei absurd og jordnær oppleving med musikk, humor og TV-glimt. Her finn ein generasjonskløft, formidlarglede, kreativitet og reinspikka vas, men med ein lukkeleg slutt.

Førestillinga har gått for fulle hus sidan oktober 2016.

Forutan vanlege stand-up innslag og morosame mimre-samtalar mellom artistane, viser den pensjonerte NrK-kjendisen John Skien oss korte TV-
innslag som han har laga for det populære TV-programmet “Norge Rundt”. John Skien er den programleiaren som har vore mest brukt i “Norge Rundt” og har levert svært mange interessante innslag. Mange hugsar han også som songar frå “Norge rundt” med songen: “Please release me”. Over 1 million sjåarar såg dette innslaget. Før dette “Norge rundt”- innslaget visste få at John var ein svært dyktig songar med fartstid frå bl.a. dansebandet “Intermesso” på 60-talet. I denne forestillinga syng John Skien mange av dei gamle “sviskene” han song på den tida. Dette gjer han saman med bassist Halvard Josefsen og songar og trekkspelar Rita Fotland.

Den kjende artisten Rita Fotland syng også nokre av dei eigne songane sine. Ein av songane hennar var den mest spela 
i NrK lokalen på 90-talet.

Rita syng også saman med Torolf Nordbø. Dei framfører mellom anna songar som Torolf Nordbø har hatt høgt oppe på Norsktoppen.

Eit svært gledeleg gjensyn for mange er John Skien sin komi-
figuren “Halvard K. Gleppupp”. 
Gleppupp kjem med eige inn-slag i revyen. John Skien har spela denne komifiguren mange gonger både i Nrk Lokalen og Nrk, Riks-TV. Figuren var ein av hovudinspirasjonskjeldene til Torolf Nordbø sin humorfigur “Han Innante”. “Han Innante” dukkar også opp med eigne innslag både aleine og saman med Halvard K. Gleppupp.

Alt dette blir sydd saman på ein sers humoristisk måte av tidlegare NrK-kjendisen Tor Øyvind Skeiseid.


Annonse

© 2019 - Lokalavisen -- Design/layout: Blest.no